Møt den nye kapteinen

A-laget

Fotball , Toppserien 2019 , portrett , portretter , Kolbotn , Sigrid Heien Hansen , Foto: Astrid M. Nordhaug

Sist oppdatert: 14. mar 2019 Skrevet av: ingeborg

 

Vi har fått ny kaptein før sesongen 2019, møt Sigrid Heien Hansen. Fotball er det kjekkeste hun vet, og hun elsker å være en del av et lag! Lørdag går hun ut på banen som kaptein for første gang i treningskampen mot Fart, og i den anledning tenker vi at hun med egne ord skal få fortelle litt om seg selv. På et fantastisk nynorsk til og med.

Hvem er Sigrid? 

Sigrid er 23 år gammal, født og oppvaksen på nydelige Sandane som er en liten plass i Sogn og Fjordane. Eg begynte å spele fotball på snuplassen utanfor huset då eg var 4 år. Eg fant tidlig ut at fotball var det aller kjekkaste eg visste, det var aldri tvil om kva eg ville bruke all tid på frå eg var liten til den dag i dag. Eg elska å vere ein del av eit lag, du lærer mykje om deg sjølv og andre mennesker, og det er veldig fine verdier i lagidrett som eg er glad eg har vakse opp i. Eg har spelt for klubbar som Sandane, Jølster, Fortuna Ålesund (Flytta til Ålesund da eg var 15 år for å spele i 1 div), og til slutt Arna Bjørnar i Bergen før eg flytta hit til Oslo for å spele for Kolbotn.

Hvorfor ble det Kolbotn? 

Det var et veldig vanskelig valg. Eg hadde 3 fantastiske år i Bergen og Arna Bjørnar både sportslig og sosialt, klubben bestod av mine bestevenninner som det var veldig vanskelig å forlate. Men eg har alltid hatt en filosofi om at det er sunt å få nye utfordringer, møte nye mennesker og bevise kva slags spiller du er på nytt. Eg har vokst mykje på det gjennom mi karriere både som spiller men også som person. Eg hadde også storesøster og tvilling buande i Oslo, i tillegg til at masteren eg ønskte å ta var kun ved NIH. Så derfor vart det Oslo, og valet falt på Kolbotn av Osloklubbene fordi eg har alltid hatt stor respekt for Kolbotn. Eg har hatt et inntrykk av et godt samhold og huska frå då eg spelte mot Kolbotn så likte eg fotballen dei spelte. I tillegg var Solveig (Gulbrandsen) en avgjerande faktor til at eg til slutt valte Kolbotn, eg visste ho kom til å lære meg mykje.

Hva tenker du om troppen og «gjengen»?
Gjengen er heilt fantastisk, det er en fantastisk tropp å vere en del av. Vi er et lag der alle kan vere seg sjølv og vi kjem ekstremt godt overens. Jentene gjer det kjekt å komme på trening kvar dag, og vi har det veldig morsomt i lag. Vi er flinke til å ta vare på kvarandre på og utanfor banen, og vi jobba veldig aktivt med å bevare samholdet vårt. Samholdet vårt er en styrke som eg føle vi får igjen på banen, vi unner kvarandre suksess og jobber for kvarandre til siste minutt. Det er også en talentfull tropp, eg har veldig tru på alle spelarane i troppen. Eg syns vi har ein fin balanse mellom å ha det kjekt men og å utvikle oss som lag i veien mot å nå måla våre. Eg er ekstremt stolt av å vere en del av laget mitt, noko som gjer følelsen av å vere kaptein enda større for meg.

Hvordan vil du være som kaptein?

Eg må vere meg sjølv og ha tru på at det passa bra til å vere ein god kaptein for laget. Eg vil vere en kaptein som ser alle spelarane og ikkje berre dei 11 som får tilliten frå start. Eg vil vere ei som går foran når det butter i mot og får med laget inn i krigen igjen. Eg vil spre positiv energi på trening og i kamp slik at vi har det kjekt, på same tid må eg også stille krav til laget. Utenfor banen ønske eg å vere et forbilde for dei yngre i klubben, og vise dei et lag dei kan sjå opp til.

Fart er din første som offisiell kaptein, ekstra sommerfugler i magen?

Eg har alltid sommerfugler i magen, og no som kaptein føle eg naturligvis et større ansvar enn tidligare. På grunn av at eg var skada i to år fram til i fjor høst er det ikkje mange kampane eg har for Kolbotndrakta, så det er en litt surrealistisk følelse. Men eg har gode spillere rundt meg som også tar ansvar og vi er et lag med fleire ledere, så eg føle meg trygg. Sommerfuglane er alltids der, men kjem nok for fullt neste helg når LSK står på motsatt banehalvdel og vi spela for poeng!

Hva tenker du om kampen?

Eg er spent på Fart, dei er nyopprykka og har henta en del nye spillere. Vi kjem ikkje til å fokusere så mykje på motstander, vi kjem til å fokusere på oss sjølve og kva vi skal få til mot Fart. Men eg tenke at vi aldri må gå i fella med å undervurdere dei, sekundet vi gjer det, tape vi. Så eg håpa vi får en god  god gjennomkjøring slik at vi har med godfølelsen inn mot sesongstart neste helg.